Dina har vært på besøk hos oss på Harestad SFO, og barna koste seg i lag med henne. Hun var med oss i lek, både ute og inne, og vi har nå levert henne videre.
Før me presenterer Dinas veke hjå oss, vil me berre presisere at dei som vil delta på prosjektet, ikkje treng å skrive så mykje som her. Eit par linjer og eit par bilete er strålande! SFO på Finnøy Sentralskule har 63 born og 12 ansatte. Me har eit eige lokale, og kan i tillegg disponere klasserom og ein hall, i tillegg til at me har eit kjekt uteområde med leikeapparater, karusell og fotballbane. Slik ser sfo`en vår ut: To dagar i veka har me lang ettermiddag, og då har me ulike aktivitetar som borna kan velje mellom. Ein av desse dagane har me varm mat, og den veka Dina var med oss, var det taco som stod på menyen. Borna får vere med å lage mat om dei vil, eller dei kan utfalde seg med for eksempel formingsaktivitetar eller fysisk aktivitet ute eller i hallen. Tre dagar i veka opnar sfo kl 14.30, og då har me samlingsstund ein dag, me disponerer hallen ein dag, og ein dag i veka kan dei som vil få bli med ein tur til biblioteket. Dina vart presente...
Dina vil reise Noreg rundt og besøke SFO-avdelingar over heile landet. Dina kjem frå Finnøy, og det er SFO ved Finnøy Sentralskule som startar dette prosjektet. Formålet er å skape noko som engasjerer, der vi kan dele erfaringer og glimt med kvarandre på denne bloggen og kanskje få tips til kjekke aktivitetar. Følg gjerne med her saman med borna på SFO. Vi håper at de vil bidra til Dinas reise og blogg med å ta imot henne, sende eit bilete eller to (gjerne av Dina i aktivitet) og skrive nokre linjer om dykkar sfo. Eit par linjer er heilt supert! Har de også lyst å dele eit tips til ein kjekk aktivitet de har gjort på dykkar SFO, blir vi hoppande glade for det. Dette kan de sende på epost til ace@finnoy.kommune.no . Bilete og tekst vil bli lagt ut på bloggen innan ei veke, og vi håper de kan levere Dina vidare til ein annan sfo innan en veke. Dersom det er vanskeleg å finne nokon å levere henne vidare til, kan de ta kontakt med oss på epostadressa over. Fo...
Kommentarer
Legg inn en kommentar