La oss skape noko positivt saman!

Dina vil reise Noreg rundt og besøke
SFO-avdelingar over heile landet.
Dina kjem frå Finnøy, og det er SFO ved Finnøy Sentralskule som startar dette prosjektet. Formålet er å skape noko som engasjerer, der vi kan dele erfaringer og glimt med kvarandre på denne bloggen og kanskje få tips til kjekke aktivitetar. Følg gjerne med her saman med borna på SFO. 

Vi håper at de vil bidra til Dinas reise og blogg med å ta imot henne, sende eit bilete eller to (gjerne av Dina i aktivitet) og skrive nokre linjer om dykkar sfo. Eit par linjer er heilt supert!  Har de også lyst å dele eit tips til ein kjekk aktivitet de har gjort på dykkar SFO, blir vi hoppande glade for det. Dette kan de sende på epost til ace@finnoy.kommune.no. Bilete og tekst vil bli lagt ut på bloggen innan ei veke, og vi håper de kan levere Dina vidare til ein annan sfo innan en veke. Dersom det er vanskeleg å finne nokon å levere henne vidare til, kan de ta kontakt med oss på epostadressa over.

For å gjere det enkelt når det gjeld bilete, publiserer vi kun bilete utan borns ansikt på. På bloggen vil vi også legge ut eit kart over Dinas reise, og dette vil bli oppdatert jamleg.

Dina må handsamast med respekt. Ho skal ikkje bli med nokon heim, og ingen må herje med henne. Vi ynskjer at ho skal halde seg heil og så rein som mogleg på heile reisa si.

Oppi sekken sin har Dina to leiker. Desse kan de bytte ut om de ynskjer å ha desse på dykkar sfo. De må då legge oppi to andre leiker som de tenkjer at neste sfo kan ha glede av.

Hugs å sjekke at både brev og leiker er oppi sekken til Dina før de gir henne vidare. Avtal gjerne med neste sfo på førehand, så dei får moglegheit til å takke nei om dei ikkje ynskjer å delta. Avtal gjerne med ein sfo i nærleiken, så de ikkje treng å sende henne i posten.

Vi håpar at dette kan bli eit positivt prosjekt som gir alle deltakande sfo`ar litt påfyll, og vi håpar sjølvsagt at flest mogleg ynskjer å delta!

Ta kontakt på ace@finnoy.kommune.no dersom det er noko de lurer på.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dinas veke i SFO ved Finnøy Sentralskule

Dina på besøk i Mosterøy SFO

Faglig bevissthet i SFO