Dinas veke i SFO ved Finnøy Sentralskule
Før me presenterer Dinas veke hjå oss, vil me berre presisere at dei som vil delta på prosjektet, ikkje treng å skrive så mykje som her. Eit par linjer og eit par bilete er strålande! SFO på Finnøy Sentralskule har 63 born og 12 ansatte. Me har eit eige lokale, og kan i tillegg disponere klasserom og ein hall, i tillegg til at me har eit kjekt uteområde med leikeapparater, karusell og fotballbane. Slik ser sfo`en vår ut: To dagar i veka har me lang ettermiddag, og då har me ulike aktivitetar som borna kan velje mellom. Ein av desse dagane har me varm mat, og den veka Dina var med oss, var det taco som stod på menyen. Borna får vere med å lage mat om dei vil, eller dei kan utfalde seg med for eksempel formingsaktivitetar eller fysisk aktivitet ute eller i hallen. Tre dagar i veka opnar sfo kl 14.30, og då har me samlingsstund ein dag, me disponerer hallen ein dag, og ein dag i veka kan dei som vil få bli med ein tur til biblioteket. Dina vart presente...