Dinas veke i SFO ved Finnøy Sentralskule
Før me presenterer Dinas veke hjå oss, vil me berre presisere at dei som vil delta på prosjektet, ikkje treng å skrive så mykje som her. Eit par linjer og eit par bilete er strålande!
SFO på Finnøy Sentralskule har 63 born og 12 ansatte. Me har eit eige lokale, og kan i tillegg disponere klasserom og ein hall, i tillegg til at me har eit kjekt uteområde med leikeapparater, karusell og fotballbane. Slik ser sfo`en vår ut:
To dagar i veka har me lang ettermiddag, og då har me ulike aktivitetar som borna kan velje mellom. Ein av desse dagane har me varm mat, og den veka Dina var med oss, var det taco som stod på menyen. Borna får vere med å lage mat om dei vil, eller dei kan utfalde seg med for eksempel formingsaktivitetar eller fysisk aktivitet ute eller i hallen. Tre dagar i veka opnar sfo kl 14.30, og då har me samlingsstund ein dag, me disponerer hallen ein dag, og ein dag i veka kan dei som vil få bli med ein tur til biblioteket.
Dina vart presentert for borna i ei samlingsstund, og ho fekk vere med på eksperimentering, song og trylling. Samlingsstundene våre har eit variert innhald, og er lagt til rette for å passa alle alderstrinn frå 1.-4. klasse. Me har fokus på å eksperimentere og undre oss saman, og på Dinas første samling fekk ho sjå på eit forsøk der me prøvde å bli «elektriske», for så å få ei lita lyspære til å lyse med å halde på ho. Samlingsstundene våre vert også nytta til gode samtalar, og borna får bidra med ulike innslag.
Me er opptatt av at borna får vere med på å forme innhaldet på sfo, og prosjektet med Dina er ein del av det å støtte opp under bornas medverknad. Borna skal få følge med på Dinas blogg i samlingsstundene, og her kan dei få gode tips og idear til aktivitetar dei kan gjere.
I tillegg til samlingsstund og taco-måltid har Dina fått omvisning, og borna har laga ein fin bilstol til henne. Ho har fått vere med på å teikne, og det har blitt laga flotte teikningar til henne. I tillegg har ho vore litt rundt på eigenhand, og kikka litt oppi tryllesaker, samlingskoffert og ho har prøvd å sitte på trekkspelet vårt, då ho tenkte det vil fungere som ein god stol.
Oppi sekken sin har ho med seg to leiker, som neste sfo kan få om dei vil. Dersom dei vel å behalde desse leikene, må dei sende to andre leiker vidare til neste sfo. Den eine tingen ho har med seg frå oss er dinosaur-egg, som skal leggast i vatn for å klekke ut dinosaurane. Kanskje dei veks litt også? Den andre er ein ball som eit av borna har laga.
Me har lyst å dele eit par aktivitetar med dykk, som har vore populære her hjå oss.
Den første er å lage spinner av papir. Dette var veldig engasjerande og kjekt. For oppskrift, klikk her: Spinner.
Me har lyst å dele eit par aktivitetar med dykk, som har vore populære her hjå oss.
Den første er å lage spinner av papir. Dette var veldig engasjerande og kjekt. For oppskrift, klikk her: Spinner.
Den andre aktiviteten me vil dele, er å lage stressballar av ballongar fylt med mjøl. Denne aktiviteten har me gjentatt, fordi det var så populært.
I tillegg har me hatt mykje kjekt med å bygge båtar og hus i tre.
No skal Dina få køyre elbil til Vikevåg, og me gler oss til å få sjå korleis dei har det på sfo der!
















Kommentarer
Legg inn en kommentar